Det rare

Det rare

Om bloggen

Bloggen begynner å fyllast opp med oppskrifter på ein del forskjelligt no. Prøver å legge ved bilder på bakverk i alle fall. Middager er ikkje like lett å få tatt bilde av alltid.
Kom gjerne med tilbakemeldinger på oppskrifter og ting som burde vert med. Og gjerne tips til nye oppskrifter som eg burde prøva ut. Stort sett alle oppskrifter her i bloggen er testa ut sjølv, før dei havner her.

Spicy kjøttboller med eplechutney

KjøttretterPosted by Camilla 18 May, 2010 19:07:16
Ein middag med masse smak i. Ein kan fint variere styrke og slikt sjølv.

500 gr kjøttdeig

1 ts salt, pepper

1 egg

1 ss karry, tandorikrydder el.l.

0,5 dl kaldt vann

Bland alt. Form til små kjøttboller.

EPLECHUTNEY:

3 epler

evt. 1 rød chili

1 - 2 ss sukker

Saft av 1/2 sitron

salt + pepper

Finhakk epler + chili

Tilsett sukker, sitron, salt + pepper.

Kok opp. La trekke uten lokk ca. 5 min.

Avkjøl.



Eg fekk ikkje tak i chili i dag så eg brukte sweet chili. Hadde vel i 1 ts. Holdt det.

Lagde potetstappe til. Hadde planer om rotmos men den tanken forsvann vist under tilberedinga av middagen.

  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post107

Bake-off rundstykker

BakverkPosted by Camilla 13 May, 2010 16:37:41
Desse rundstykkene er geniale. Dei inneheld masse godt og er klar på ein, to, tre.

I teorien skal desse rett i frysaren når dei er ferdig heva. Dei skal ikkje steikast før ein har lyst på. Rett frå frysaren og i ovnen med dei.
Men eg må alltid steike meg nokre rundstykker med ein gong.



Eg varierer litt med kva eg bruker i dei. Sist hadde eg mango, denne gongen hadde eg mango, papaya og muligens litt ananas ( tørka )

Oppskrifta er i orginal versjon slik:

50 g hasselnøtter
50 g tørka aprikos
50 g fersk gjær
3 dl fingervarmt vatn
2 ss olje
1/2 dl tørka tranebær
1 ts salt
ca 8 dl sikta speltmjøl
1 dl blanda frø, f.eks, solsikke-, lin- og sesamfrø

1. Rist nøttene i ei tørr varm steikepanne. Gni av det tynne skallet med eit kjøkkenhåndkle. Grovhakk nøttene. Skjær aprikosen i små terningar.

2. Smuldre gjæren i ein bakebolle. Tilsett vatn og rør til gjæren er oppløyst. Tilsett 2 ss olje, nøtter, aprikos, tranebær, salt og nesten alt mjølet. Elt deigen i ca 5 minutter. La den heve tildekka i 30 min.

3. Ta deigen på på benken og elt den godt for hånd. Del den i 15 bitar og form dei til boller. Legg rundstykkene på eit steikebrett kledd med bakepapir. La dei heva tildekka i ca 30 min. Pensle dei med olje og dryss frø over. Dekk til med plastfolie.

4. Sett brettet i frysaren rett etter heving og frys.

5. Sett ovnen på 250 grader. Steik dei frosne rundstykkene midt i ovnen i ca 15 minutter.

Som sagt, eg trikser til med den tørka frukten. Eg tar det som me har i hus og som me fann på butikken. Mjølet bytter eg ut med vanligt og rugmjøl. ( 5 dl vanlig og 3 dl rug )

Det er berre til å prøva seg fram. Men gode, det blir dei uansett !



  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post106

Aniskringler

JuleoppskrifterPosted by Camilla 16 Dec, 2009 10:27:52
Kom over denne oppskrifta ein dag og måtte jo berre prøve.

Kjempegode var dei ! Første gongen delte eg oppskrifta i to. Dei kringlene forsvann på 1 dag. Neste gong fulgte eg oppskrifta. Ein del blei eten opp, resten er i frysaren og blir tatt opp til frokost og kvelds. Smaker kjempegodt med greddost på.
( eg brukte havremelk og blått smør, slikt at ungane mine kunne eta desse og )

1 l melk
400 g sukker
180 g smør
100 g gjær
2 ss malt stjerneanis
Hvetemel

Lag en ganske løs gjærdeig, bare bruk så mye mel at det akkurat går an å jobbe med den. La deigen heve til dobbelt størrelse, kna den og del opp i emner på størrelse med en liten bolle. Form kringler og la dem etterheve før de stekes på 250 grader i ca. 8 minutter. Skal ikke bli altfor brune, de er mykest og best hvis ikke de får altfor mye skorpe.

  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post105

Gratinert blomkål og brokkoliform

KjøttretterPosted by Camilla 20 Oct, 2009 16:13:47
Gratinert blomkål- og brokkoliform

Ingredienser:

1 Blomkål

1 Brokkoli

3 ss Smør

4 ss Hvetemel

6 dl Melk

Salt og pepper

200 g Pølser

4 dl Revet hvitost

Framgangsmåte:

Sett ovnen på 250 grader.

Rens og vask grønnsakene og del de opp i buketter.

Kok bukettene knapt møre i lettsaltet vann. La de renne av i et dørslag.

Smelt smøret i en kjele ved middels varme. Tilsett melet og rør det godt inn slik at det blir en tykk og jevn masse. La det surre under omrøring i ca. 2 minutter.

Ta kjelen av varmen, eller sett platen på laveste trinn.

Tilsett melk, litt om gangen, og rør godt med en visp.

Sett kjelen tilbake på platen og kok opp under omrøring. La sausen småkoke i ca. 5 minutter, under omrøring.

Tilsett halvparten av osten og rør til den har smeltet. Smak til med salt og pepper.

Legg grønnsakene og pølsebitene i en ildfast form og hell gratineringssausen over.

Dryss resten av osten over og gratiner retten i forvarmet ovn på 250 °C i 5 - 10 minutter.


Dette var innmari godt. Men neste gong me lager denne kjem eg til å ha litt meir grønnsaker oppi. Gulerøtter foreksempel. Og med 3 matglade unger i hus, så me eg bruka 2 blomkål i alle fall. Dette gjekk ned på høykant.

  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post104

Krydra fiskepinner

FiskeretterPosted by Camilla 19 Oct, 2009 21:08:03

Krydrede fiskepinner

-500 g torskefilet uten skinn og bein
-1 ts paprika
-1 ts karri
-1 ts støtt spisskummen (Kan droppes)
-1/2 ts salt
-1 dl brødrasp
-ca 1 dl melk
-2 ss rapsolje til steking


1.Skjær fisken i fingerbrede stykker, i 5-6 cm lengde.

2.Bland paprika, karri, spisskummen og salt sammen med brødrasp i en dyp tallerken.

3.Hell melken i en dyp tallerken. Vend fisken i melken og deretter i krydderblandingen.

4.Varm opp oljen i en panne. Den skal være varm - men ikke så varm at den ryker.

5.Stek fiskepinnene i oljen til de er gylenbrune på alle sider. tilsett ev ekstra olje under stekingen.

6.La de stekte fiskepinnene få renne av seg på kjøkkenpapir.

7.Server med ønsket tilbehør.

  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post103

Pølsegryte

KjøttretterPosted by Camilla 19 Oct, 2009 21:06:23

Pølsegrateng

Skrell og kutt opp ein del poteter, legg skivene i bunnen av forma og hell fløte over. Krydre med salt og pepper. Ha over pølsebiter, finkutta løk, finkutta gulrot og nokre blomkål buketter.

Sett inn i steikeovnen ved 200 grader i ca 20 minutter. Etter 20 minutter har ein raspa ost over og steiker den til osten er blitt passe brun.





  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post102

Kyllingnuggets

KyllingretterPosted by Camilla 19 Oct, 2009 21:02:27
Kyllingnuggets
olivenolje
1 dl hvetemel
salt, pepper, oregano, timian (evt. 1 ts hakket fersk timian, og 1 ts hakket fersk bladpersille)
1 dl revet parmesan ( denne droppa eg i dag, men skal definitivt takast med, ein gong eg lager denne uten at ungane er her )
2,5 dl brødrasp
3 kyllingbryst
Igrunn skal det vera eggekvite her, men det kan jo ikkje eg bruke. Så eg eksprimenterte med eggeplomme og med melk. Eggeplomme fungerte, det var dei nuggetsane som såg finast ut. Melk kunne og brukast, men dei blei ikkje like gyldne og fine.

Sett ovnen på 220 grader, og smør en langpanne dekket med bakepapir med olivenolje.

Ha mel i en skål,eggekvite/eggeplomme/melk i ei skål , og brødrasp, ost og krydder i en skål.
Skjær kyllingfileten i passe store strimler. Rull dem først i melet, deretter i eggekvite/eggeplomme/melk , så i brødrasp- og ostblandingen før du legger dem på det smurte bakepapiret.

Stek i 8 minutter, før du snur dem med en pølseklype og steker dem i 8-10 minutter på andre siden, til de har fått en fin gyllen farge.

Server med rotmos til:

Rotmos
Kok skrelte poteter, en liten løk, et hvitløksfedd og 1/2 blomkål i buljongvann til det er mørt, hell av vannet, smelt 1 ss smør oppi, og mos med potetmoser. Spe med melk til kremete fluffy konsistens.



  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post101

Kyllinglår i kokosmelk med karri

KyllingretterPosted by Camilla 19 Oct, 2009 20:57:42

Obs. obs. Me brukte raud karripasta, sånn ordentlig frå innvandrarbutikk. Det hadde holdt rikelig med 1 ts for vår del. Så sjå litt ann kva slags karripasta ein bruker før ein hiver 3 ts oppi


Kyllinglår i kokosmelk med karri

6 stk. grillet kyllinglår
8 stk. mandelpotet i tynne skiver
2 stk. rødløk i skiver
3 stk. hakket vårløk
1 boks kokosmelk
1 boks hakkede, hermetiske tomater
½ dl soyasaus
ca. 3 ts grønn karripasta
ca. 3 ts sukker
ca. 3 ss peanøtter


Sett stekeovnen på 200 °C.

Ha poteter, løk, tomater, kokosmelk, soyasaus og karripasta i en ildfast form. Bland alt godt. Smak til med sukker som gir mer smak og sødme i tomatene. Legg kyllinglårene på toppen, ha over folie og stek i ovn i ca. 15 minutter.

Øk temperaturen til 225 °C, ta av folien og dryss peanøtter over. Stek videre 5-10 minutter til skinnet på kyllinglårene er sprøtt og potetskivene møre. Pynt med frisk koriander, om du har.

Nanbrød smaker godt ved siden av.

  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post100

Paprikagryte med kylling

KyllingretterPosted by Camilla 19 Oct, 2009 20:50:50
Dette er ei kjapp og enkel gryte, som nesten smaker bedre dagen etter.

500 g kyllingfilet i biter
Olje til steiking
1 ss paprikapulver
Salt og pepper
1 ss tomatpurè
2 dl hønsebuljong
1 dl fløte
1/2 dl vatn
Maizenna
Ananas
Paprika

Tilbehør: Ris og nan brød

Brun kyllingbitane i olje ved god varme. Krydre til med salt, pepper og paprika
Tilsett tomatpurè og buljong, og la det småkoke i nokre minutter. Tilsett fløten.

Ha vatn i eit tomatpurèglass ( eksemplevis ) ha i maizenna, rist og rør ut i gryta. Ha oppi ein liten boks ananas og litt av safta frå den. Tilsett paprika i biter.
La det småkoke i nokre minutter og smak til.

Dersom det smaker lite, kan ein ha litt meir hønsekraft oppi.

  • Comments(0)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post99

Couscous og kyllingsalat

KyllingretterPosted by Camilla 17 Mar, 2009 21:15:50
Tok nokre kyllingfileter ut av frysaren og la dei i ein pose. Oppi der hadde eg litt olje og sweet chili saus.
Når dei er ferdig ting og ein er sulten nok er det berre til å sette i gang. La kyllingfiletane på rist ( husk brett under, kan vera lurt med litt vatn oppi ) og hadde marinaden over dei. Inn i ovnen på 225 grader i 20 minutter.

Kutta opp salat, sukkererter, paprika, ost og hadde dette i kvar sine skåler. Maiskorn blei skylt og havna oppi ei skål dei og.

Couscous blei kokt etter pakkeannvisning. Tar ca 10 minutter alt i alt.

Når filetane er ferdig steikt får dei ligge å kvile og kjøle seg ned litt. Deretter blir dei kutta opp i biter og havna i ei skål dei og.

Rista nokre pinjekjerner i steikepanna og hadde det til og.

Så er det berre til å mikse det til akkurat slik som ein sjølv ønsker. Hadde dette til middag eine dagen og kvelds andre dagen.



  • Comments(1)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post98

Grove rundstykker

BakverkPosted by Camilla 09 Mar, 2009 21:41:58
Hadde kjøttsuppe til middag og då måtte eg finna oppskrift på grove rundstykker.

Fann denne oppskrifta på art of taste.

Grove rundstykker med havre og solsikkekjerner.

Ingredienser:

1 liter melk
9 ss olje
50 g gjær
2 ts salt
3 ss sukker
1 dl solsikkekjerner
200 g havregryn
300 g sammalt kveite grov/fin
800 g kveitemjøl

Eg hadde ikkje melk i hus, så her blei det ein halv liter soyafløte og ein halv liter med vatn.
Varma dette opp sammen med olja ( ja det skal vera 9 ss )
Blanda sammen dei tørre ingrediensene og hadde i væske. ( eg bruker tørrgjær )

Elta deigen godt i maskina. Måtte ha ein god del meir kveitemjøl enn det som sto.
Lot den heve under plast og kjøkkenhåndkle i time-halvanna. Eg sovna vist på sofaen sammen med ein av ungane så eg er litt usikker på kor lenge den sto. He he.
Elta den på kjøkkenbenken og delte den opp i 30 emner. Prøvde så godt eg kunne å lage rundstykke form på dei og satte dei tett sammen på eit brett.

Lot dei etterheva i 30 min sånn ca.

Pensla dei med vatn og hadde sesam og linfrø over dei. Inn i ovnen på 225 grader i 15 minutter.

Dei smakte fortreffelig til suppa, og nesten enno betre til omeletten som me hadde til kveldsmat.




  • Comments(2)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post97

Kyllingbiter i karrisaus

KyllingretterPosted by Camilla 06 Mar, 2009 17:05:09
Kutt opp ein løk og eit eple.

Finn fram ei litt stor gryte og smelt smør. Ha oppi finkutta løk og eplebiter. Ta 2 ts karripulver over. Rør inn og la det surre litt. Ha 1 ss mjøl over før ein heller 3 dl vatn oppi. Sleng oppi 1 hønsebuljongterning.
Smak. Dersom det er for skarp smak kan ein regulere det med ein liten fløteskvett.

Kutt opp nokre kyllingfileter i biter. Steik dei, slik at dei får fin farge overalt. Ha dei så oppi sausen og la dei trekke seg ferdig der.

Kok ris til.

Vel bekomme !

  • Comments(3)http://matoppskrifter.det-rare.com/#post96
Next »